Font Size

Cpanel

Velkommen til Vikane Hyttetun

Vikane er ein idyll midt mellom høge fjell og eit steinkast frå det vakre Suldalsvatnet.

Det over 100 år gamle gardstunet er ombygd og restaurert til gode, komfortable hytter der du enno kan kjenna den koselege, gammaldagse atmosfæren.
Den gamle løa er ombygd til 3 leiligheter med god standard. Her kan du anten bu i Stallen, Fjoset eller Løa. Og sjølvsagt er det gamle Huset eit godt alternativ.

Ved stranda ligg badstova og badestampen. Der ligg òg grillstova som blir nytta til servering for grupper. Der kan du nyta god, heimelaga mat.
Som gjest kan de bruka både båtar og kanoar. Fiskekort kan du kjøpe på inatur.no

Her kan du bu i gode hytter saman med familien. Eller du kan ta med venner frå jobben på blåtur.  Kvifor ikkje leggja utdrikkingslaget eller fødselsdagsfeiringa til Vikane? Kontakt oss!