Bestill hytte
Dronebilete av Vikane Hyttetun ved Suldalsvatnet.
Foto: Fotograf Nordtveit
Lyspynta tre ei vinternatt.
Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto

Velkommen til Vikane Hyttetun!

Vikane er ein idyll midt mellom høge fjell og eit steinkast frå det vakre Suldalsvatnet. Det over 100 år gamle gardstunet er ombygd og restaurert til gode, komfortable hytter der du enno kan kjenna den koselege, gammaldagse atmosfæren.

Overnatting

Er du på ferie, er Vikane rette plassen! Hyttene er velutstyrte med kjøkken, bad m/dusj og wc og soverom med gode senger.

Er du på arbeid i Suldal og treng overnatting, er hyttetunet ein god stad å vera etter endt arbeidsdag.

Hyttene våre

Her kan du bu i gode hytter saman med familien. Eller du kan ta med venner frå jobben på blåtur. Kvifor ikkje leggja utdrikkingslaget eller fødselsdagsfeiringa til Vikane?
Dronebilete over Vikane Hyttetun
Foto: Fotograf Nordtveit
Born på kanotur.
Foto: Fotograf Nordtveit

Opplevingar

Med flott turterreng og Suldalsvatnet som nærmaste nabo, ligg forholda godt til rette for unike opplevingar.

Her finn du oss

Vikane Hyttetun ligg ca. 20 km frå Sand og ca. 2 km forbi Suldalsosen i Suldal kommune i Ryfylke.
Foto: Malin Sirevaag Seljestad

Galleri

Her kan du sjå eit utval bilete fra Vikane Hyttetun. Opne galleriet for å sjå bileta i full storleik.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.