Her kan du bu i gode hytter saman med familien. Eller du kan ta med venner frå jobben på blåtur. Kvifor ikkje leggja utdrikkingslaget eller fødselsdagsfeiringa til Vikane?
Foto: Fotograf Nordtveit
Huset
Huset er eit tømra Ryfylkehus frå 1860-åra. Det har tre soverom med tilsaman 8 sengeplassar, stove med vedomn, dusj/toalett og fullt utstyrt kjøkken med m.a. oppvaskmaskin. TV med norske og internasjonale kanalar. Wifi. Veranda med panoramautsikt over Suldalsvatnet.
Stallen er den største av leilighetene. Her er det 3 soverom og hems med tilsaman 8 sengeplassar, stove med peis, dusj/toalett og fullt utstyrt kjøkken med m.a. oppvaskmaskin. TV med norske og internasjonale kanalar. Wifi. Overbygd veranda med panoramautsikt over Suldalsvatnet.
Fjoset har to soverom og hems med tilsaman 6 sengeplassar, stove med vedomn, godt utstyrt kjøkken med m.a. Oppvaskmaskin og dusj/toalett. TV med norske og internasjonale kanalar. Wifi. Delvis overbygd veranda med utsikt over Suldalsvatnet.
Løa har to soverom og hems med tilsaman 6 sengeplassar, stove med vedomn og sofakrok, godt utstyrt kjøkken og dusj/toalett. TV med norske og internasjonale kanalar. Wifi. Veranda med utsikt over Suldalsvatnet.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.