Gjesteinformasjon

Kjære gjest!

Velkommen til Suldal og Vikane Hyttetun.

Om hyttene våreOm berekraft og miljøarbeid hjå ossVed avreiseInternettRøykingKjæledyrBrannrutinarLegehjelpSkade på hyttaAktivitetarLast ned

Vikane er ein idyll midt mellom høge fjell og knapt eit lite steinkast frå det vakre Suldalsvatnet. Det over 100 år gamle gardstunet er ombygd og restaurert til gode og komfortable hytter/leilegheiter der du enno kan kjenna den koselege og gammaldagse atmosfæren.

Me har laga til litt informasjon til deg som me håpar kan vere med å gi deg eit ekstra godt opphald hjå oss.

Komplekset består av fire hytter, tre i den gamle løa og ei som er separat plassert. Du bur tett på vatnet og naturen hjå oss. Suldalsvatnet kan opplevast også med robåt eller kano eller du kan prøve fiskelukka etter den fine auren som bur i vatnet. Du kan gå ein av dei fine turane som er merkte i området, eller du kan berre slappa av i badstova vår og med eit forfriskande bad i Suldalsvatnet.

Me ønskjer deg fine dagar her hjå oss, og håpar at denne informasjon hjelper deg til å få eit godt opphald i hyttene våre.

Om du har spørsmål, ikkje nøl med å spørja oss. Me vil alltid prøva å hjelpa deg på beste måte.

Om hyttene våre

Den gamle løa er bygd om til tre leiligheter med god standard. Her kan du bu i Stallen, Fjoset eller Løa. Og så er det Huset – eit tømra og restaurert Ryfylkehus.

Stallen

Stallen er den største av leilegheitene. Her er det tre soverom og hems med til saman åtte sengeplassar, stove med peis, dusj/toalett og fullt utstyrt kjøkken med mellom anna oppvaskmaskin. TV med norske og internasjonale kanalar og wifi. Det er også overbygd veranda med panoramautsikt over Suldalsvatnet.

Fjoset

Fjoset har to soverom og hems med til saman seks  sengeplassar, stove med vedomn, godt utstyrt kjøkken med mellom anna oppvaskmaskin, samt dusj/toalett. Det er også tv med norske og internasjonale kanalar og wifi. Det er også delvis overbygd veranda med utsikt over Suldalsvatnet.

Løa

Løa har to soverom og hems med til saman seks sengeplassar, stove med vedomn og sofakrok, godt utstyrt kjøkken og dusj/toalett. Det er også tv med norske og internasjonale kanalar og wifi. Løa har også veranda med utsikt over Suldalsvatnet.

Eller du bur i Huset.  

Huset

Huset er eit tømra Ryfylkehus frå 1860-åra. Det har tre soverom med til saman åtte sengeplassar, stove med vedomn, dusj/toalett og fullt utstyrt kjøkken med mellom anna oppvaskmaskin. Det er også tv med norske og internasjonale kanalar, wifi ogveranda med panoramautsikt over Suldalsvatnet.

Om berekraft og miljøarbeid hjå oss

Vikane Hyttetun er sertifisert Miljøfyrtårn, og me ønskjer å opptre og drive mest mogleg berekraftig. Du vil oppdage dette på fleire vis når du er på besøk hjå oss. Me treng di hjelp til miljøarbeidet vårt, og ber om at alt avfall blir sortert. Sjå informasjon om dette nedanfor.  

Suldal er også merka som eit berekraftig reisemål. Sjå meir informasjon om dette på visitsuldal.no/berekraft.  

Kjeldesortering

  • Matavfall skal sorterast
  • Papiravfall skal sorterast
  • Glasflasker og metall skal sorterast
  • Flasker med pant skal leggjast i eigen konteiner

Vår miljøstasjon for avfall finn du ved parkeringa.

Andre fasilitetar

Det er to ladepunkt for el-bil ved anlegget.

Logg inn ved å bruke  QR-kode ved anlegget.

Ved avreise:

Tidspunktfor utsjekk er kl.12.00.

Før du reiser frå Vikane må du sjå til at hytta er rydda og vaska og klar til å ta imot dei neste gjestene. Utstyr for reingjering er å finne i hyttene.

Du kan kjøpe utvask og reinhald av hyttene frå oss.

Pris for reinhald etter opphald: NOK 600,-. Reinhald må bestillast ved ankomst.

Sjølv ved betalt sluttvask skal du:

  • Ta av sengklede, ved lån av dette
  • Rydde etter deg, og ta oppvasken
  • Tømme kjøleskåp og sortere avfall
  • Ta med sortert søppel og kaste i konteinarane ved parkeringsplassen

Ved betalt reingjering vaskar og ryddar me alle overflater og golv etter besøket.

Tusen takk for hjelpa!

Internett

Du er velkommen til å nytte det trådlause nettverket i hytta kostnadsfritt.

Gjestenett: Vikane Hyttetun

Passord: Tass2017

Røyking

Det er ikkje tillate å røykja på nokon av hyttene våre.

Kjæledyr

Det er lov å ta med kjæledyr på dei fleste hyttene våre med unntak av hytte nummer 3, Løa. Ta kontakt med oss om du lurer på om du har lov til å med kjæledyret ditt.

Brannrutinar

Dersom brannalarmen går, sjekk om det er røykutvikling nokon stad i hytta. Dersom det brenn, skal alle som bur i hytta evakuerast, ring umiddelbart til brannvesenet på 110.

Det er brannsløkkingsapparat i hyttene.

Felles møteplass for alle gjester ved brann er parkeringsplassen. 

Hugseliste for å unngå brann:

  • Sløkk alle levande lys
  • Ver varsam ved bruk av grill

Respektere reglar om generelt bålforbod i perioden 15. april til 15. september.

Legehjelp

Ved behov for akutt legehjelp, ring 113.

Ved mindre alvorleg skade eller sjukdom, ta kontakt med legevakt i Suldal kommune: 116117.

Skade på hytta

Dersom du har vore uheldig eller gjort skade på inventar eller bygningsmasse under opphaldet, informer om hendinga ved å ta kontakt med oss. Gebyr kan førekome, avhengig av omfang og kva som har skjedd.

Generelt

Er det noko som ved uhell blir knust eller øydelagt, vil me gjerne at du gir beskjed om dette.

Aktivitetar

Suldal byr på fleire spennande aktivitetar både sommar og vinter.

Som vår gjest kan du bruka både båtar og kanoar. I Suldalsvatnet kan du fiske etter både aure og røye – og kan hende er du heldig og får storauren på kroken.

Fiskekort kjøper du på www.inatur.no  

Les meir om våre opplevingar

Sjekk og gjerne ut Visit Suldal

PDF icon
Last ned gjesteinformasjonen
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.